Garborg

Arne Garborgs nye nettstad

Kvifor er boka hans "Jesus Messias" omsett til bokmål? - noko som forargar målfolket, utan at det gjer noko for dei at mykje av det han sjølv skreiv var på dansk-norsk. Klikk her

 

Denne sida handlar om den "nye" Arne Garborg som ikkje er publisert andre stader.

Det som var viktigast for han sjølv var livs- og verdisynet som etter kvart samla seg i eit kombinert samfunnssyn. Dette prøvde han å fortelja om i artiklar, brev og dagbøker i dei siste 20 åra av livet sitt, utan at nokon tok han særleg alvorleg. Det gjer ein heller ikkje i dag.

 

Denne nettsida er laga for å bøta på skaden.

 

Arne Garborgs konklusjon på si spirituelle og metafysiske reise lyder slik i dagboka 23. februar 1907:

 

”I Den burtkomne Faderen og Jesus Messias hev eg gjort det eg kunde til å jamne Veg for Folk av mitt Slag, jamne Veg, so dei kann finne fortare, og dermed vel lenger fram enn eg kunde vinne. Eg skynar meir og meir, at eg her hev gjort det eg kunde gjera; og då min Veg låg her, so må eg og tru at eg hev gjort det eg skulde gjera . . . eg er glad for at eg fekk liva so lengi at eg kom so vidt „til Ro" ; fekk sjå utyvi Tilvære mitt i Samanheng. Som Live var lagt til Rettes for meg, so var det dette religiøse eg fysst og fremst maatte klara.”

 

 

 

 

Garborgs dagbøker, artiklar og essays som elles ikkje finst på www

 

Klikka på Garborgs eigne skriv som er lagt inn som pdf-filer, åpna dei, eller lasta dei inn på din PC, ipad eller android, eller kva du nå har:

Troen på livet er den grunnleggjande programerklæringa frå 1895 der Garborg forlet all tidlegare tvil og tru. Nå tek han sats mot Haugtussa, mot resten av soga om Hoveslekta og mot Jesus Messias

Den Bortkomne Faderen omsett til bokmål basert på Amalie Skrams danske versjon. Ho skreiv til Garborg: Din mærkelige, for mig vidunderlige bog har jeg læst og læst, og jeg blir aldri træt af den. Den er for mig som en kvintesents av alle biblers bibel.

Jesus Messias er her omsett til bokmål. Originalboka er ikkje med i Gs samla verk og er vanskeleg å få tak i, og få har lese den. G tek på seg rolla som advokat på vegne av menneskeslekta og isceneset sin eigen sanningskommisjon. Det handlar om kven som drap og gravla Jesu tankar. Ingen sit på tiltalebenken - her gjeld det bare å få fram sanninga og overlate til ettertidas historieskriving å felle dommen. Juryen består av oss som les boka. Han rekna med å miste diktarløna frå Stortinget pga dette, og boka er derfor den modigaste handlinga i Gs liv. Mange meinte i samtida at ho burde ha vore skriven på "riksmål" då ho ville nådd mange fleire lesarar. Originalutgåva her frå 1906 kan lastas ned frå nationalbiblioteket som pdf, men tek meir enn 20 mb.

Den bortkomne Messias er Garborgs svar på kritikk og teologiske åtak på Jesus Messias

Her er Huldas forord til dagbøkene. Dette er eigentleg ein heil biografi om Arne, mannen hennar, og korleis ho såg på livet deira og litteraturen hans.

Garborgs største verk på ca 2000 sider er dagbøkene 1905-1923: Dagbok 1 (25. januar 1905 - 20. juni 1907), Dagbok 2 (25. juni 1907 - 27. december 1909), Dagbok 3 (6. januar 1910 - 28. december 1912), Dagbok 4 (1. januar 1913 - 31. december 1916), Dagbok 5 (2. januar 1917 - 25. juni 1920), Dagbok 6 (6. januar 1910 - 28. december 1912) Desse låg ein gong på aasentunet.no, men er i dag ikkje mulege å lasta ned.

Artikkelen Krist og antikrist frå 1911 (frå For Kirke og Kultur) vart trykt av Kristofer Janson i USA for norske unitarar

Dagboksnotat frå 1905 til 1923 om Jesus-Messias-prosessen. Dette er ca 200 sider frå dagbøkene som her handlar om korleis han står fast i sin spirituelle konklusjon som starta med Troen på Livet

Dagboksnotat om Henry George og georgismen frå 1905 til 1923

Georgistisk artikkel om Bonden og Norigs Jord

Artikkel om georgismen frå 1923: Magtstat og Rettsstat

Garborg sine bøker og skrifter som offisielt ligg på nettet finst her

 

Artiklar, essays, kronikkar og lesarbrev av Rolf Erik Solheim.

Frå år 2000 og frametter fortel desse ei anna soge om Garborg enn den tradisjonelle akademiske der gaborgforskarar hevdar at han var "religionskritikar" og "antikapitalist".

Lenkene nedanfor fortel om ein annan Garborg som korkje var "religiøs", eller "ateist" i vanleg meining, men av ein spirituell natur som nærma seg det "gnostiske". Heller ikkje var religionskritikken hans det vesentlege, men hans djupare innsikt og oppdaging av at mellom linene i Naturens eiga Bok er Livet sjølv så storslått, overveldande og mystisk at det utan teologi, prest eller kyrkje kan vera vegleiar til det Heilage.

Å kalla hans georgisme for "antikapitalisme" er dessutan ei grov mistyding av denne verdsrørsla. Den globale sosialøkonomien hans kunne ha hindra klimakrise, fattigdom og finanskriser i vår tid. Kan hende er det ennå ikkje for seint?

 

 

Nokre artiklar av Theodor Dahl som kanskje kjem nærmast universalmennesket Arne G:

Å omvenda Garborg var ikkje så enkelt som kona på Undheim skulle tru.

Om tro og tvil. Gabriel Fotland ville nok også gjerne omvende Garborg

Nokre andre G-artiklar:

Tor Obrestad i Jærbladet om Huldas livssyn som samstemte med Arnes

Tor Obrestad i Aftenbladet, intervju med Anne og Rolf Solheim

G i kyrkja: Helge Torvund i Dagbladet

Artikkel i Jærbladet om Tor Lies doktoravhandling om G ved Lunds Universitet. Lenken til avhanlinga her.

 

 

 

Garborg 2.0 kom ut i juni 2014. Her er innleiinga til boka

Føredrag i Garborgsenteret om dette 21. juni 2015

 

Innhaldslista kan lesast her

 

Boka kan kjøpast her, men også via e-post: rolf@framtiden-er-din.com